Etne Skulekorps
 • Velkommen    • Bildearkiv    • Månadsbrev    • Kva skjer?    • Turar og aktivitetar    • Støtt korpset    • Høyr korpset     • Gjestebok  

 

 

   Turar og aktivitetar
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 28 197

 

 


Polen 2015
Konsert i hovudgata.
 
Konsert i hovudgata.
 
Frå konserten i ei sidegate til hovudgata i gamlebyen.
 
Frå konserten i ei sidegate til hovudgata i gamlebyen.
 
Mange kjekke aktivitetar i resepsjonen.
 
Mange kjekke aktivitetar i resepsjonen.
 
Fotogen dirigent.
 
Fotogen dirigent.

Ja, me har vore i Polen, nærare bestemt Gdansk. Og det var ein fantastisk korpstur med to konsertar i gatene i Gdansk.

Me reiste frå Helganes onsdag 1. juli og sjekka inn på Novotel rett utanfor gamlebyen i Gdansk.

Dagen etter fekk me ein guida tur med Olga rundt i byen. Etter det var det mange som valgte å shoppa litt, mens andre for på båttur med sjørøverskuta og såg byen frå lufta i Pariserhjulet.
Denne kvelden presenterte korpset ein kongekonsert i hovudgata, og jammen blei det nokre grunkar frå publikum i tubakassen!

Fredagen tok me buss ut i skogen til ein opplevingspark. Der fekk me øva på samspel på ein ny måte. Alle måtte hjelpa kvarandre rundt på dei forskjellige utfordringane.
Fredagskveld holdt korpset konsert i ei nesten folketom sidegate. Når konserten vara i gang samla det seg mange for å høyra på også her.

Laurdagen var det ikkje noko på programmet. Sola skein, gradestokken viste over 30 og vegen var ikkje lang til ei fantastisk strand i Sopot. Etter mykje om og men klarte me å finne rett tog, og me hadde heile dagen til bading og soling.

Søndag bar det heim igjen med mange gode opplevingar i kofferten.

 

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Etne skulekorps, 5590 Etne • 79gresolv@gmail.com