Me reiste frå Helganes onsdag 1. juli og sjekka inn på Novotel rett utanfor gamlebyen i Gdansk.
Dagen etter fekk me ein guida tur med Olga rundt i byen. Etter det var det mange som valgte å shoppa litt, mens andre for på båttur med sjørøverskuta og såg byen frå lufta i Pariserhjulet.
Denne kvelden presenterte korpset ein kongekonsert i hovudgata, og jammen blei det nokre grunkar frå publikum i tubakassen!
Fredagen tok me buss ut i skogen til ein opplevingspark. Der fekk me øva på samspel på ein ny måte. Alle måtte hjelpa kvarandre rundt på dei forskjellige utfordringane.
Fredagskveld holdt korpset konsert i ei nesten folketom sidegate. Når konserten vara i gang samla det seg mange for å høyra på også her.
Laurdagen var det ikkje noko på programmet. Sola skein, gradestokken viste over 30 og vegen var ikkje lang til ei fantastisk strand i Sopot. Etter mykje om og men klarte me å finne rett tog, og me hadde heile dagen til bading og soling.
Søndag bar det heim igjen med mange gode opplevingar i kofferten.