Denne helga har musikantane hatt seminar med mange timars øving, både på musikk og dans. Resultatet fekk me sjå og høyra under jubileumskonserten. Fantastisk flinke var dei!
Totalt består korpset av 53 medlemmer, der 19 av dei er med i aspirantgruppa. I tillegg har me eit juniorkorps med 13 medlemmer, mens sjølve hovudkorpset består av 21.
Odd Steinar Kvinnesland leia arrangementet som i tillegg til musikken vart krydra med talar av kultursjef Nils Halleland, ordførar Siri Klokkerstuen og leiar i Etne musikklag Gunnlaug Pedersen. Det vart gåvedryss på 10.000 kroner frå Etne kommune og 20.000 kroner frå Etne Lions. Sistnemnde vart delt ut av leiar Øyvind Kristiansen og Torstein Kristiansen.
Jostein Osnes gav oss historia om Etne skulekorps frå starten for 60 år sidan.
Etter konserten blei det kaker og kaffi, åresal og trekking av hovudlotteriet.
Nokon kan spela på ny Ipad i kveld, andre kan ta seg ein fjelltur i ny turjakke. Det er også ei som søv godt i flunka ny dundyne i kveld.